Svar til Tore Bakke i Bravida av adm. direktør i HMR, Øyvind Bakke.
Da HMR signerte kontrakt med Skanska i oktober 2019 var bestillinga å vidareutvikle akuttsjukehuset med vedtekne funksjonar og kapasitet og samtidig sikre ein reduksjon av kostnadane ned mot eit budsjettmålet på 2,1 mrd. kr. Konserndirektør i Skanska Ståle Rød uttalte den gang at han var trygg på at Skanska sitt team i tett samspel med byggherren og samspelspartnarane skulle nå prosjektet sine mål.
Helse Møre og Romsdal vurderer at det er gjort eit godt arbeid i samhandlingsfasen kor HMR-tilsette og prosjektorganisasjonen har samarbeidd med Skanska og deira arkitektar og rådgivarar i å vidareutvikle akuttsjukehuset på Hjelset. Dette arbeidet har følgt planlagt framdrift og bestilling.
Arbeidet med kostnadsreduksjon har vore krevjande, men HMR og SNR-prosjektet vurderer at det er gjort betydelege endringar knytt til bygget utan at det har gått ut over det planlagde pasienttilbodet ved akuttsjukehuset på Hjelset. Bygget har fått ny bygningsmessig layout, arealet er redusert med om lag 13 000 kvm brutto, tekniske areal er komprimert og byggesystem- og metode er endra.
Gjennomførte endringane har ikkje gitt førespegla og forventa kostnadsreduksjonar. Forslag frå Skanska om kutt av funksjonar har vore avvist da det ikkje er i tråd med vedtak fatta av Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Norge. Akuttsjukehuset på Hjelset skal byggast med dei funksjonane og kapasiteten som er vedteke for prosjektet. Som ein del av SNR blir det i Kristiansund tilrettelagt for eit moderne spesialisthelsetenestetilbod med dagkirurgi, dagbehandling og poliklinisk verksemd.
Prosjektleiinga i SNR-prosjektet vurderer at Skanska og deira leverandørar har gjort ein god jobb innan arbeidet med dei tekniske beskrivingane i prosjektet og at ikkje står att mykje arbeid før grunnlaget kan brukast i marknaden på nytt. Prosjektleiinga vurderer vidare at det står att arbeid knytt til detaljprosjektering. I vidareutviklinga vil den eller dei aktørane som blir kontrahert få moglegheit til å prosjektere parallelt med at bygginga av akuttsjukehuset startar opp.
Gjennom prosjektutviklinga har HMR og SNR-prosjektet forholdt oss til Skanska sine rapporteringar om kalkyleutvikling. Kalkylen frå Skanska auka betydeleg i oktober 2020 og viste ein avstand på over 500 mill. kroner, samanlikna med prosjektet sine eigne kalkyler. Partane starta difor med forhandlingar med mål om å kome til einigheit om eit pristilbod på bygging av akuttsjukehuset.
Skanska leverte sitt endelege pristilbod 6. januar 2021 og det var ikkje vesentleg endra frå tidlegare tilbod. Prosjektstyret for SNR og adm. dir. i HMR vurderer at tilbodet er over forventa pris og tilrår difor å avbestille kontrakten med Skanska.
Basert på ei ny usikkerheitsanalyse for prosjektet gjennomført i januar 2021, tilrår adm. dir. i HMR at prosjektet får auka låneramme med 590 mill. kroner basert på resultat frå gjennomførte usikkerheitanalyser og at 220 mill. kroner finansierast gjennom sal av eigedom. Totalt 5,95 mrd. kroner (P-85, september 2020-kroner). Dersom HMR hadde godteke tilbodet frå Skanska så måtte kostnadsramma blitt ytterlegare auka.
Adm. dir. vurderer det som særs viktig å sikre byggestart så raskt som mogleg. Arbeidet med ein ny alternativ gjennomføringsmodell vert intensivert, og styret i HMR vil få ei orientering om plan for gjennomføring og ny tentativ framdriftsplan allereie i styremøtet 27. januar.
Målet er å sikre ein effektiv og god plan for kontrahering av entreprenørar og leverandørar som kan bidra med å sikre realiseringa av eit nytt og framtidsretta sjukehustilbod for befolkninga på Nordmøre og i Romsdal. I dei nye konkurransane som kjem ut i marknaden vil prosjektet leggje til rette for at alle relevante aktørar skal kunne konkurrere om oppdraga.
Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), oversiktsbilde akuttsjukehuset. Foto:
Helse Midt-Norge. Innfelt: Tore Bakke, administrerende direktør, Bravida Norge AS[/caption]
Tore Bakke, Bravida: Vellykkede prosjekter krever god samhandling
Helse Midt-Norge. Innfelt: Tore Bakke, administrerende direktør, Bravida Norge AS[/caption]